torsdag 26. juli 2007

Gode dagar

På tirsdag kom ho Maria på besøk til meg, og overnatta til i dag, torsdag. Det var utruleg koseleg! Eg er så glad i ho! Både eg og Maria hadde fri frå jobbane våra på onsdag, så det var jo eit strålande samantreff :)

Tirsdagskvelden laga vi oss heimelaga pizza, før vi gjekk ned på Esso og lånte ein film, Mars og Venus for å vere eksakt. Bra film, men litt tam slutt.

Onsdag tok vi først turen ned på Svingen, slik at Maria fekk sei hei til gamle kollegaer. Så stod Vestborg for tur, der vi traff på mange kjentfolk. Vi besøkte først Christel, som bur på Skura i sommar og jobbar saman med meg på sjukestova (som forresten er konge!), og etterkvart kom også Rannveig. Deretter traff vi på Oddvar og Magnus, og slo av ein prat. Maria fekk låne nøklane til Oddvar, slik at vi fekk snike litt på Storfjorden: Maria hadde sjølvsagt gløymt att diverse ting :P Vi tok oss ein liten titt innom russekiosken også- og vi kjende tårene pressa på! Men vi (ja, eg også!) klarte å halde fatninga. Vidare traff vi på Øystein, og fekk vite at Mona hadde komt tilbake frå ferien sin. Difor var det sjølvsagt at vi måtte ta oss ein tur nedom ho også :) Det resulterte i eit 2 timers langt besøk med store mengder te-drikking og sjokoladespising. Kjempekoselig :) Hanna kom også på besøk til Christel denne dagen, så etter at vi hadde vore hos Mona, tok eg, Maria, Christel, Hanna og Rannveig oss turen opp til meg. Der var det jordbær, is og brownies som stod på programmet, samt ein lang samtale om mannlege gynekologar, merkeleg nok... Også denne kvelden var det storkos :)

I dag hadde eg tidlegvakt, så Maria måtte pent klare seg på eigenhand om morgonen. Likevel fekk eg eit gledeleg besøk av henne på jobb! Ho hadde gløymt att lommeboka si i veska mi, og rakk difor heller ikkje bussen tilbake til Volda :P Men då fekk eg i alle fall endå ein hadeklem, så det var i grunn like greitt ;)

No er eg trøytt, og vurderar å ta meg ein aldri så liten middagslur. Fortsatt god ferie alle saman! Må seie eg missunner dykk som er på UL- heldiggrisar! Håper dokke har det strålande :)

måndag 23. juli 2007

Baking

Eg har funne ut ein ting. Eller, eg har for så vidt visst det heile tida, men i det siste har det gått meir og meir opp for meg: Baking er gøy! Når tida står stille, og samvittigheita byrjar å gnage litt i lisjetåa fordi du kanskje har sett litt for mykje på tv dei siste par dagane, jau då er det berre å setje i gong å bake :)


I går kveld kom Emil og Bruno heim igjenn, så no har eg ikkje huset for meg sjølv lenger. Det er i grunn like greitt, kan bli litt stussleg i lengda. Og så er det kjekt å kunne glede små hybelmagar når eg er i mitt bakeglade hjørne! Som bilete hintar til, er det bollar det går i. Og å bake bollar er ei kjekk fritidssyssel, tru det eller ei. Og så luktar det så godt i huset medan ein held på :)

Men tolmodet medan deiga står og hevar seg, det skulla gjerne vore litt større.

Men uansett...

...dagens tips er og blir: Om regnvèret skulle gjere deg nedfor, gret ikkje over spilt mjelk! Lag deg heller ei bolledeig ;)

søndag 15. juli 2007

Diverse skriblerier.

No ville kanskje det logiske vere at eg hadde ei ny og spanande hending å fortelje om, men til mange si store skuffelse- den gong ei. Eg tenkte berre eg skulle framskuve datoen på mitt nyaste blogginnlegg litt, og fann omsider ut at dette var den beste måten å gå fram.

Sidan sist har det med andre ord ikkje skjedd så stort. Riktig nok trivs eg betre og betre på jobben, samstundes som det stadig skiftande veret fortvilar meg litt.

Så skal det vel også nemnast at eg har vore i gullbryllaup til mormor og besten i Austefjorden. Det er jo ikkje berre berre det heller :)

Greit, det ser kanskje ut som besten har det ein smule ukomfortabelt, men han har berre generellt litt problem når det gjeld å smile på bilete :P Lat meg også få kommentere at den vakre nellikbuketten er identisk med brudebuketten til mormor for 50 år sidan. Romantisk.


Sånn kake vil eg også ha på min gullbryllaupsdag! Eller til min neste fødselsdag, eller kanskje berre ei "Takk for sist, eg er glad i deg"-kake. I alle fall: Fotografi på kake er ein skikkeli slager i mine auge! I alle fall dersom du vil ha eit godt minne frå dagen din, som du kan ha liggjande i frysaren og ta fram til ei lita mimrestund i ny og ne (ingen vil byrje å skjere sundt bilete:P).


Og så ein liten tribute til russeklassa mi frå Vestborg! (Det må nesten takast på dialekt). Dokke e nåkken kongefolk heile gjengen! Veldig gla i dokke, å masse lykke t me den veien som vidare e lagt for dokke :)

Prekast.

fredag 6. juli 2007

Tur til Hellesylt

I dag tok eg og Lillian oss ein tur til Hellesylt. Eit deilig avbrekk frå min arbeidande kvardag må eg seie. Det skal visstnok vere Sommardagar på Hellesylt denne helga, men vi kunne berre skimte eit par boder, turistbussar og ein måsegrodd benk (les: benk begravd av måsebæsj). Likevel var det ein koseleg dag! Vi traff på Janne i arbeidsstasen på Coop'en, og Svein Erik hengande på ein benk utanføre. Eg og Lillian kjøpte oss jordbær, is og tortillachips, og slo av ein lang prat i det fine veret. "Sunnt, søtt og salt- litt av alt!" Yesda, Lillian kom med ein aldri så lite rim også ho ;) Her kjem nokre glimt av dagen vår: