torsdag 26. juli 2007

Gode dagar

På tirsdag kom ho Maria på besøk til meg, og overnatta til i dag, torsdag. Det var utruleg koseleg! Eg er så glad i ho! Både eg og Maria hadde fri frå jobbane våra på onsdag, så det var jo eit strålande samantreff :)

Tirsdagskvelden laga vi oss heimelaga pizza, før vi gjekk ned på Esso og lånte ein film, Mars og Venus for å vere eksakt. Bra film, men litt tam slutt.

Onsdag tok vi først turen ned på Svingen, slik at Maria fekk sei hei til gamle kollegaer. Så stod Vestborg for tur, der vi traff på mange kjentfolk. Vi besøkte først Christel, som bur på Skura i sommar og jobbar saman med meg på sjukestova (som forresten er konge!), og etterkvart kom også Rannveig. Deretter traff vi på Oddvar og Magnus, og slo av ein prat. Maria fekk låne nøklane til Oddvar, slik at vi fekk snike litt på Storfjorden: Maria hadde sjølvsagt gløymt att diverse ting :P Vi tok oss ein liten titt innom russekiosken også- og vi kjende tårene pressa på! Men vi (ja, eg også!) klarte å halde fatninga. Vidare traff vi på Øystein, og fekk vite at Mona hadde komt tilbake frå ferien sin. Difor var det sjølvsagt at vi måtte ta oss ein tur nedom ho også :) Det resulterte i eit 2 timers langt besøk med store mengder te-drikking og sjokoladespising. Kjempekoselig :) Hanna kom også på besøk til Christel denne dagen, så etter at vi hadde vore hos Mona, tok eg, Maria, Christel, Hanna og Rannveig oss turen opp til meg. Der var det jordbær, is og brownies som stod på programmet, samt ein lang samtale om mannlege gynekologar, merkeleg nok... Også denne kvelden var det storkos :)

I dag hadde eg tidlegvakt, så Maria måtte pent klare seg på eigenhand om morgonen. Likevel fekk eg eit gledeleg besøk av henne på jobb! Ho hadde gløymt att lommeboka si i veska mi, og rakk difor heller ikkje bussen tilbake til Volda :P Men då fekk eg i alle fall endå ein hadeklem, så det var i grunn like greitt ;)

No er eg trøytt, og vurderar å ta meg ein aldri så liten middagslur. Fortsatt god ferie alle saman! Må seie eg missunner dykk som er på UL- heldiggrisar! Håper dokke har det strålande :)

8 kommentarer:

Anonym sa...

Lillian har funne ut nåke smart nåke!! www.ul.no er UL på web TV og vi kan følge med på møta å konsertane! :) veldig bra! Talkshowet i kveld va veldig morosamt! :)

Ida Mari sa...

Ditta he ej me funne ut- veldi bra :)

Anonym sa...

Gull! I dag får ej besøk av Maria;) hehe.. lure på kor UL blir neste år!! Vi må prøve å få til UL neste år Ida Mari!!! He du lenge igjen m jobb no? Glad i deg!

Ida Mari sa...

Ej me luuure...
Skal jobbe no i helga, so he ej to veke ijenn. Gla i dej me! <3

Anonym sa...

heihei ida mi=)
d va kjempe kjekt å besøke dej og ej e kjempe gla i dej...
vi snakkast på gus

Anonym sa...

Så koselig!:)

Rannveig sa...

heia!!
fann bløgginj din, ej.
so no kan du rekne me at ej held et lita auge me ka du bedrive tida di me... :)

Lillian sa...

Oppdatering da! ;P
*kravstor*