onsdag 28. november 2007

I hovedstaden

Daa var turen komen til Quito. Utruleg rart aa bu i ein by med nesten same innbyggartal som Noreg! Og her er serioest digert! Bur i tredje etasje i ei koseleg leiligheit, med kjempefin utsikt. Flyplassen er plassert midt i byen, saa vi faar tidt og ofte auge paa fly, som anten er paa veg til aa lande eller aa ta av. Utruleg at det gaar saa bra som det gaar med avgaangane igrunn, ikkje heilt strategisk plassering av flyplass etter mi meining.

Har jobba tre dagar i ein meinigheitsbarnehage i eit av dei fattigare stroeka i byen, og sit igjen med blanda kjensler. Dei rundt 25 borna i alderen 3-4 aar er stua inni eit pittelite klasserom, der dei faar saers lite kreativt spelerom. Under saa og seie heile undervisningsperioden ( som er 3 av dei 4 timane ungane er i barnehagen) sit eg med ei kjensle av at det desse smaa ungane treng er aa bli lest for, faa teikne eller rett og slett berre faa vere ute og leike. Det er mykje som skurrar, og tanken paa at det nok er mange barnehagar i byen der tilstanden er mykje verre, gjer det ikkje akkurat betre. Men etter matpausen faar heldigvis vi som team litt meir moglegheit til aa ta oss av borna paa vaar eigen maate, og proevar aa gi dei litt meir positiv merksemd. Vi laerte dei faktisk "Bro, bro, brille" her ein dag, som - tru det eller ei - saag ut til aa vere ein stor slager for dei fleste :) Det er lett aa tenkje at vi villa gjort saa mykje meir for desse borna, men eg haapar og trur at det er ei lite hjelp i at vi berre er til stades med varme smil, klemmar og positive ord. Vi har endaa over 3 veker igjenn i barnehagen, saa det blir spanande aa sjaa kor det utartar seg.

Ellers nyt eg det at vi endeleg kan faa lage vaar eigen mat. Hittil har vi fem husmoedrene kokkelert med baade nachos, kjoetkaker og pannekaker, og fleire godsaker skal det bli :)

Og saa ein liten parantes til dokke som bur paa Stranda: Dersom dokke trur dokke bur i ein oppoverbakke, har dokke aldri vore i Quito...

PS: Eg har haerved opplevd eit jordskjelv.

måndag 12. november 2007

Glimt fraa Cuenca

Her kjem ein liten smakebit fraa opphaldet hittil. Eg maa inroemme at eg ikkje har vore den flinkaste til aa ta bileter, og naar det gjeld aa faa publisert dei, er eg nok ogsaa ein av dei med daarlegast tolmod til treig internett.
Under vaar paraply

Utsikt over ein broekdel av byen

Paa isbar

Yo y mi profesor

Maria og systra hennar Paula

Eg og systra mi paa cafèbesoek

Mitt syskenbarn Camillia, meg, syster Anna Maria og veslebror Juan David

Pickuptur

Siri, eg og Hanna
Siri: Du er hoegt sakna, men haaper du har det heilt fantastisk med ditt noverande virke. Haaper du faar drive med det som ligg ditt hjarte naermast. I det siste har eg tenkt paa denne kjende salmen naar eg har tenkt paa deg:
Herren er min hyrding
det vantar meg ingenting.
Han lèt meg liggja i groene enger;
han foerer meg til vatn der eg finn kvile,
og gjev meg ny kraft.
Han leier meg paa dei rette stigar
for sitt namn skuld.
Om eg saa gaar i doedsskuggens dal
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei troeystar meg.
Du dukar bord aat meg
framfor augo paa mine fiendar.
Du salvar hovudet mitt med olje;
mitt staup floeder over.
Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Du er gull verdt, Siri :)
Til kjende og kjaere heime, ta vare paa kvarandre! GUS-folk ute i verda: Team Ecuador tenkjer paa dykk :)

søndag 4. november 2007

Saann gaar no dagan

Er ikkje mykje tid eg faar til aa oppdatere bloggen altsaa! No sit eg paa kontoret til "pappan" min. Det er sundag, og eg er eigentleg paa bestemorbesoek, men han syntes eg fortjente eit avbrekk for aa sjekke mailen min, snille mann. Dette er kort oppsummert kva som har skjedd dei siste dagane:

  • Forkjoela, forkjoela, forkjoela
  • Salsakurs me systra mi
  • Kino
  • 3 timers koeyretur til Machala saman med saa og seie heile slekta, der vi aat sjoemat paa fin restaurant, og dei viste meg havet. Som om eg ikkje har sett det foer :P
  • Spanskundervisning med hoeg intensitet
  • Pizza, pizza, pizza
  • Ekkel taxisjaafoer
  • Utruleg artig taxisjaafoer
  • Febrilsk jakt etter adapter
  • Mangel paa reine klede

Ja, heh, det er eigentleg ganske mykje som har skjedd, men eg har ikkje saa god tid til aa skrive det ned no.

Saknar mine kjaere heime! Haaper alle har det bra :)