tysdag 27. mars 2007

Snart påske!

Vel, no sit eg her med hovudet longt under vatn med lekser (les: stygge historieinnlevering), og likevel snik eg meg til å skrive ein blog. Kvifor? Jo, no skal du høyre her: Her heime har vi ein liten veranda. Om dagen skin sola, det varmar, og eg lar verandadøra vere opa slik at varmen får krype inn i stova medan eg skriv historie. Men når kvelden kjem, og sola har forsvunne bak fjella, jau då ha det vore greitt å kunne late att verandadøra igjen. Men neida! Den har søren meg blitt øydelagt av ein eller annan patetisk grunn!! Eg får ho ikkje att, og eg som er åleine heime i dag og all ting... Så no må eg fint sitte her i stova å fryse, medan eg grin over historieinnleveringa mi. Ok, kanksje er det med verandadøra ikkje noko å bli så oppglødd over, men DU kor irriterande det er!

Men trass all elendigheita, kan eg i alle fall trøste meg med at det, som dagens overskrift lyder, snart er påske! Sjølv om det blir både blomsterbutikkjobbing og leksegjering, er det likevel noko å sjå fram til :) Eg får treffe igjen Martha Berit, eg får påskeegg og eg kan få nokon andre til å irritere seg over den klikkings verandadøra...

Men ta det med ro folkens, eg er ikkje så frustrert som eg skal ha det til.
(Eg lyg, eg er faktisk det...)
Men uansett, i morgon kan eg fryde meg over at min aller siste hovudmåltentamen er over, og mest truleg smiler sola då óg :D

fredag 23. mars 2007

Tribute to Mortini

Horra på borsdan !

I dag har den venaste av dei alle, min kjæraste Martha Berit, bursdag! 19 år- å du store sjukheit! Trist er det dog at eg ikkje får feire dagen saman med deg, men eg håper du får ein flott dag uansett :)

Helsar deg med Jeremia 29,11

Eg er kjempeglad i deg!!

Hehe, desverre er det så tilfelle at etter at eg og Martha Berit byrja på kvar vår skule, har vi ikkje kunna treffast så altfor ofte, og det har av den grunn også vorte litt lite med bildetaking. Difor er dagens bursdagsbornbilete noko gamalt... Men kva gjer vel det når du ser såvidt fortreffeleg ut som henne :D

onsdag 21. mars 2007

Frustrert


Her kjem eit lite rop om hjelp:

Nokon som vil prøve å forklare meg korleis eg får eit lite, normalt profilbilde på bloggen min, i staden for dinna digre greia eg har fiksa meg, som nærmast ropar: sjå på meg?!

På førehand takk ;)

laurdag 17. mars 2007

Norskanalyse og anna toll.

Ja, du haure nok riktig. Eg må skrive stil i dag, og det for harde livet! Ingenting er verre enn å analysere tekstane til andre folk- hallo, eg er vel ingen tankelesar! Jaja, gjerast må det uansett, så det er vel ingen grunn til å klage.

Lat meg så få kome med ei liste, har høyrt rykte om at det er ein populær blogting å gjere.
Dagens liste handlar om ting eg er stolt over om dagen:

- Eg har klart å fikse ei klokke på bloggen min, heilt åleine!
- Eg har klart å fikse profilbilete på bloggen min, heilt åleine!
- Eg stod opp før klokka 10 i dag.
- Eg har rydda i skulepapira mine.
- Eg har betalt ei rekning.
- Eg har høyrt på radio Storfjord i over 20 minutt.

Ellers så ser eg fram til møtet i kveld :)

Ps: Det snør...

torsdag 15. mars 2007

Og der hadde eg den...

No vart eg visst tatt av ho Brynhild i ein etter annan form for "sisten-leik". Litt urettferdig i grunn, med tanke på den ferske bloggaren eg faktisk er, men la gå ;)

Reglar: Kvar spelar startar med å skrive seks rare ting om seg sjølv. Bloggarane som blir "tekne", må skrive seks rare ting om seg sjølv i sin eigen blog, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den", og listar opp namna deira. Etter at det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggen til kvar av dei, for å la dei vite at dei er blitt "tekne", og at dei må lese bloggen til den som tok dei for meir informasjon.

1. Eg er rar.
2. Eg sølar umåteleg store mengder med maskara rundt augene mine når eg sminkar meg.
3. Ein gong eg skulle rydde rommet mitt, fann eg heile seks negleklipparar slengande rundt omkring. Og ja, det var negleklipparar, og ikkje neglefiler...
4. Eg har stått barbeint i ei feit kurue medan eg song og klappa, utan den vissheita om at eg stod i ei kurue.
5. Eg har kræsja i ein lyktestolpe.
6. Eg brukte å høyre på Sputnik kvar kveld for å få meg til å sovne.

Desse er tekne: Håkon Martha Berit Jan-Andrè Ingrid Johan og Lillian