torsdag 31. januar 2008

Ej drikke vatten...

...kom ikkje paa noka passande overskrift, difor vart det mitt tidsfordriv i skrivande stund.

Ledninga fraa kameraet mitt til dataen er vekke.
Difor faar eg ikkje lagt ut nye bileter.
Det er ganske surt.
Ein smule irritert er eg no, for aa seie det saann.

Men som plaster paa saaret, faar dokke nyte eit par gamle blinkskudd i staden:


Hanna et klubbe med nasen sin. Det er slik ho gjer det.

Me gusta Bob Marley

Team Ecuador paa Montañita

Tida flyg fort, snart er det berre 1 maanad igjen av besoeket mitt i Ecuador. For denne gong. Sjoelv om eg har det bra her, skal det bli godt aa kome tilbake til vener, familie og GUS- som fyller begge kategoriane.

I myllatida, ta vare paa dokke sjoel. Jesus e me :)

søndag 20. januar 2008

Goting

  • Gud
  • Lisa Ekdal og Kristin Asbjoernsen paa mobiltelefonen
  • kaffi
  • fruktmarknad paa soendagane
  • gjestfrie indianarar
  • mp3-spalar som kan overdoeve spanskdoebba actionfilma paa 10 timers longe bussturar
  • dei gongane det er dopapir paa offentlege toalett
  • ulltepper
  • indianernabokone som bakar broed etter norsk oppskrift
  • kaffi
  • vakre Cuenca
  • telefonar fraa Noreg
  • dyne
  • granola (ecuatoriansk frukostblanding av beste sorten)
  • Hanna, Maria, Cathrine og Aase Mari
  • stearinlys
  • sa ej kaffi?

søndag 13. januar 2008

Augene er i bruk igjen

Tenkte det var paa tide aa skrive eit nytt inlegg (kanskje helst for aa faa det foeregaande biletet litt lenger ned paa sida mi...)

No har vi flytta til indianerlandsbyen Cañar! Og det merkast verkeleg paa baade kropp og sjel at vi har kome oss vekk fraa storbyen, det er godt. Her er ikkje lenger indianarane nokre som sit paa gatehjoernet og sel mango eller tyggegummi, her hoeyrer dei verkeleg til. Og sjoelv eg kjenner at eg foeler meg meir heime her :)

Har jobba ei lita veke paa foedselsklinikken, og har allereie vore vitne til 2 foedslar. Eg er ennaa veldig fersk, og kjenner at behovet for spanskkunnskap blir stoerre og stoerre. Eg gledar meg til aa kome litt inn i rutinene paa klinikken, og til aa bli endaa betre kjend her i Cañar.

Ellers har eg...

...ete cuy, heilsteikt marsvin.
...proevd aa lage vafler.
...faatt dreds ala Hanna.
...vaska klede i same vaskemaskina som blodige laken blir vaska.

Her i Cañar er det kaldt. Og internettet gaar i snigelfart, difor ingen bilete. Men eg likar meg her fordi :)

onsdag 2. januar 2008

Nokre dagar som blind


Ida Mari har dei siste dagane vore ute av stand til aa sjaa verda rundt seg, og vil gjerne informere folk om situasjonen. Men det gaar bra med Ida Mari. Ho har vore paa sjukehus og faatt vite at ho har ein skade paa auget, men at det vil gaa bra. Eit rusk har skrapt litt, og dette er aarsak til skaden. Uheldigvis har Ida Mari ein del smerter og dette er ikkje like godt. Har vanskelegheiter med aa opne augene, saa vi vonar dette vil ga snart over. Det er ikkje like greit aa ha det slik. Men ellers har Ida Mari det bra, og har hatt ein fin tur i jungelen. Naar ho blir bedre, kjem ho til aa oppdatere bloggen, men i dag har ho faatt sin assistent til aa gjere det. Det er best slik. Men Ida Mari vil ynskje alle eit godt nytt aar, og vonar folk har det bra. Og folk kan gjerne sende ein tanke eller ein boenn til oss som er her i Ecuador