fredag 26. oktober 2007

Nueva entrada

... det vi seie "nytt innlegg" paa spansk :)

No sit eg paa spraakskulen. Vart litt tidlegare ferdig me timen min enn dei andre i dag, fordi laeraren min hadde litt daarlig tid. Det er i skrivande stund andre dagen med spanskundervisning- og eg maa seie dei gaar fort fram! Er ikkje sjeldan eg blir sitjande som eit spoersmaalsteikn, og "No entiendo" er ei velbrukt frase fraa mi side. Men eg faar haape det betrar seg.

I gaar flytta eg inn hos vertsfamilien min. Ein koseleg sossefamilie paa sju. Eg delar rom med eldste dottera deira paa 18 aar, som i og for seg gaar ganske saa greit. Ho snakkar flytande engelsk, noko som ber baade fordelar og ulemper med seg: Blir lettare kjend med henne, men det gjer det ogsaa lett aa kvile seg paa engelsken, om dokke skjoenar.

Har berre budd adskild fraa teamet mitt i eit doegn, men kjenner allereie at eg saknar dei- noko som eg ser paa som positivt! Vi er ein haerleg gjeng, og eg haaper inderleg at vi alle vil faa eit straalande opphald her i Ecuador.

No maa eg ta taxi heim att, saa dette vart nok eit kort innlegg. Truleg kjem det eit meir utfyllande eit seinare.

Muchas grasias :)