laurdag 17. mai 2008

17. mai

Yes, i morgon, eller teknisk sett i dag, så er det 17. mai igjen. Og eg må seie eg for fyste gong på lenge verkeleg ser fram til å feire Noregs nasjonaldag. Blir stas å få på seg bunaden igjen, med tanke på at finstasen i fjor vart erstatta med raud selabukse og hengande topphue med solokork og hundekjeks.

Nei, eg må seie eg gledar meg.

Til flaggheising, nasjonalsong og felles frukost.
Bunadstog, kyrkje og grillings, samt avslutning i sjølvaste Eidsvoll.
Og tek eg ikkje heilt feil, trur eg jammen dei gode gamle 17. mai-leikane også ligg på lur.
Stort betre kan det nok ikkje bli.

...eller, hadde jo i grunn vore litt greit om det ikkje vart sludd og 2-3 grader som vermeldingane tydelegvis seier...

Hipp hurra!