onsdag 29. august 2007

Sommar i Hurdal

Eg har forstått det sånn at ein biletlaus blogg er ein keisam blogg. Difor vel eg å legge ut dette aldeles nydelege biletet av meg og Hanna, som av ein eller annan merkeleg grunn låg ute på gus.no... Enjoy :D

Fleire bilete av opphaldet på GUS kan du finne på gus.no, eller på bloggane til andre GUS-folk. Me snakkast :)

fredag 24. august 2007

GUS

Yes, no har eg starta på Gå Ut Senteret! Først og fremst vil eg sei at det er kjempefint her! Masse kjekke folk, og endå fleire ikkje fullt så kjekke mygg. Har vore her snart ei veke, og føler eg har lært utrulig mykje allereie. Ecuador-teamet mitt er urkjekke folk, ser verkeleg fram til å reise ut saman med dei :) Ellers bur eg på rom saman med Maria, noko som er ei utfordring i seg sjølv :P Neida, det går veldig bra, og vi har til og med sat till verks nokre nattlege ritualer... Ellers er eg ikkje så higen på å skrive stort meir endå, sidan det er nyyyydeleg ver ute!

Klem til alle kjende, spesielt gamle og nye Vestborgfolk. Håper dokke har det bra :)

torsdag 16. august 2007

Sommeren er kort...

Sommaren nærmar seg slutten med storskritt, men likevel har det ikkje riktig gått opp for meg at eg skal flytte om knappe tre dagar. På søndag er det opningsfest på GUS, men ferdig med å pakke- nei det er eg langt i frå! Det einaste eg er sikker på, er at eg snart må ta meg ein prat med ho Lillian: For er det nokon som har orden i sakene, og som veit kva eg bør pakke med meg og ikkje, så er det ho ;)

På fredag hadde eg min siste dag på jobb. Eg byrja etterkvart å trives ganske så bra der nede på sjukestova, så det var i grunn litt vemodig å sei farvel. Men legg merke til ordet "litt" :P Dei komande fem dagane, tilbrakte eg i Austefjorden saman med mormor og besten min. Veldig koselig. Tante, onkel og tre syskjenbarn bur på same garden, der syskenbarnet mitt Marte, er ei av mine beste veninner:) Eg fekk sjekka ut den nye hybelen hennar i Volda, og ellers vart eg angrepe av flaggermus eit par gongar, samt drukke kaffe.

Her sit mormor og les avisa ved kjøkkenbordet.

Eg og Marte spelar deilige.

Dessuten har vi fått oss katt heime! Vi kallar han Georg, og er ein skikkeleg kosepus :)

Georg Gråpus

Ellers har eg hatt ein strålande ferie i grunn:) Burda nok ha oppdatert litt oftare, men eg får heller ta det i munnleg versjon dersom nokon sku vær interessert:P

Då gjenstår det vel berre å sei: GUS- here I come!