tysdag 25. desember 2007

Saa var det jul igjen :)

Med eit havmeters hoegt juletre i plastikk kjoept paa indianermarked, pryda med blinkande lys i alle regnbogens farga, finstasen paa og i gode veners lag- jau, daa kan det ikkje anna enn aa bli jul i aar ogsaa :)

Dagen starta saa flott med felles frukost, foer vi gjekk ned paa internett for aa ringe vaare kjaere heime. Rart at folk heime for lengst var i gong med aa vaske opp etter julemiddagen, medan vi her i Ecuador saavidt ha slaatt opp augene.

Etter telefonsamtalane, tok vi taxi til gamlebyen, der vi delte ut godteposar til born og vaksne paa gata. Ein hoeyrer stadig at jula handlar om aa gi, men dette var foerste gongen eg verkeleg har faatt merke kva som ligg i dei orda.


Julestroempene var paa plass i vindauget, og det skal seiast at det er mykje snop ein kan faa for 5 $ naar kursen er saa laag som han er no...

Aarets julemiddag bestod av kalkunfilé, poteter, blomkaal og brokkoli, gultor (ukokt etter Maria sin smakssans) og ein heilt fantastisk valdorfsalat. Eit verkeleg festmaaltid, eg synest me er flinke!

Hanna og meg
(Her har Hanna akkurat nemnt at ved aa sitje saann delar vi armhulesveitte. Difor held eg paa aa kvele ein latter...)

Maria og Cathrine

Eg og Aase Mari


Oppstilling paa kjoekkenet


In the Christmasmood

Og dette er saa glad eg vart naar eg fann ei meir eller mindre utfordrande ondebrokj i julegaava fraa broren min...

Uvanleg, men veldig kjekt aa feire jul saman med vener! Hanna leste juleevangeliet foer middagen, og seinare paa kvelden gjekk det i gaaveopning, melkesjokoladespretting og julesongar.

Fleire liknande bileter fraa julekvelden kan sjaast paa dei andre teammedlemmane sine bloggar :)

No gaar turen viare til jungelen, saa daa er det vel berre for meg aa oenske alle eit riktig godt nyttaar!

søndag 23. desember 2007

Bittelisjejulaftan

  • I dag er det dagen foer dagen foer dagen.
  • Eg har vore paa skoeyter saman med ti gutar fraa eit av gatebarnsentera i byen.
  • Maria har faatt seg blogg, og eg har faktisk hjelpt henne.
  • I kveld skal vi lage peparkakedeig.
  • ...eg burde vel ogsaa vaske badet vaara.
  • Har kjoept hippiehue med dreds.
  • Med forkjoela naser og lause magar gaar det mykje dopapir.
  • Eg er glad for aa vere i Ecuador.
Feliz navidad :)

torsdag 13. desember 2007

Litt saann ellers

Mitad del mundo - Midten av verda
Ecuatorlinja
Utsik over Quito, 4100 meter over havet

Montañita

Ganske saa lovely, for aa sei det saann.


Idyll.

Barnehagen