søndag 15. juli 2007

Diverse skriblerier.

No ville kanskje det logiske vere at eg hadde ei ny og spanande hending å fortelje om, men til mange si store skuffelse- den gong ei. Eg tenkte berre eg skulle framskuve datoen på mitt nyaste blogginnlegg litt, og fann omsider ut at dette var den beste måten å gå fram.

Sidan sist har det med andre ord ikkje skjedd så stort. Riktig nok trivs eg betre og betre på jobben, samstundes som det stadig skiftande veret fortvilar meg litt.

Så skal det vel også nemnast at eg har vore i gullbryllaup til mormor og besten i Austefjorden. Det er jo ikkje berre berre det heller :)

Greit, det ser kanskje ut som besten har det ein smule ukomfortabelt, men han har berre generellt litt problem når det gjeld å smile på bilete :P Lat meg også få kommentere at den vakre nellikbuketten er identisk med brudebuketten til mormor for 50 år sidan. Romantisk.


Sånn kake vil eg også ha på min gullbryllaupsdag! Eller til min neste fødselsdag, eller kanskje berre ei "Takk for sist, eg er glad i deg"-kake. I alle fall: Fotografi på kake er ein skikkeli slager i mine auge! I alle fall dersom du vil ha eit godt minne frå dagen din, som du kan ha liggjande i frysaren og ta fram til ei lita mimrestund i ny og ne (ingen vil byrje å skjere sundt bilete:P).


Og så ein liten tribute til russeklassa mi frå Vestborg! (Det må nesten takast på dialekt). Dokke e nåkken kongefolk heile gjengen! Veldig gla i dokke, å masse lykke t me den veien som vidare e lagt for dokke :)

Prekast.

6 kommentarer:

Lillian sa...

Kånge! :)
Det e bra det går betre på arbeid :) Gullbryllaup høyres no utruleg triveleg ut;) masse gode kaker å greier, stor stas det ;D
Glad i dej lille venn!

Lina sa...

ååå! så søte besteforeldra dine e! kossen går d egentlig med sjukeheimsjobbinga? Trivast du eller?
klemmelem

Ida Mari sa...

Ej veit, dei e sjikkeli go ;)

I bjyndelsen va d litt skommelt, følte ej fikk litt for mykje ansvar for fort. Men etterkvart so ej kom litt beire inn i rutinene, å vart betre kjent me pasientane, so gjekk d beire. No trivs ej veldi bra :) Enn du sjøl? Skal du ha ferie forresten?

Klem!
Å klem til Lillian ;)

christel sa...

ÅÅÅ..tenk å få hatt dine besteforeldre på sjukeheimen vår:)? Då skulle ej jobba en del ekstravakte, hihi..;) Dei va skjønne uten like, og "eplet faller ikkje langt fra stammen" som dei sei;) Du vise dej frå di beste side på bildet av dej i midten der, rett bort;) Ej trur, og ser at det e dej idt imellom dissa to andre babyane:) SOo Sweet;)

Ida Mari sa...

Hehe, d ha tatt sej ut om dei va på sjukeheimen vår, d trur ej ha vårte litt.. rart :P
D e nok mej ja, gulliga søta mej ;) å babyane e tvillingbrorane mine forresten:)

christel sa...

Jepp,,skjønna dej godt vist det hadde blitt rart..Ken vil pleie sine egne besteforeldre liksom?? Men tvillingbrødre? Ej hadde ikkje peiling i havet på at det e tvillinga dei e..Hmh..då lærte ej faktisk nåkke nytt i dag me:)