laurdag 12. mai 2007

Godsong. Punktum.

Frøken Frantzen
av Odd Nordstoga

Frøken Franzen, frøken Franzen, eg er ikkje den du trur,
eg vil gjerne vera brudgom dersom du vil vera brur
Frøken Franzen, eg er heime, om du bankar på mi dør
kjem eg gjerne med min limousin, er gjerne din sjåfør

Frøken Franzen, denne songen syng eg aller mest for deg
Eg har sett deg mange gonger, men du kjenner ikkje meg
Frøken Franzen, du er med i tusen TV-program
der dei talar kjapt og trygt og lett og stikk seg fram

Gjev meg sjansen
Gjev meg sjansen
Snille Frøken Franzen

Frøken Franzen, d'er 'kje alltid like lett å vera her
Når eg drøymer om eit anna land sit du som dronning der
Eg har blitt fortruleg ven med ein einarma banditt
som seier han skal ta meg dit om eg betalar litt

Gjev meg sjansen
Gjev meg sjansen
Snille Frøken Franzen

Frøken Franzen, frøken Franzen, her har du mitt liv
Eg spør deg no høgtideleg om du vil bli mitt viv
Når du ikkje er på TV treng du vel litt tidsfordriv

Gjev meg sjansen
Gjev meg sjansen
Snille Frøken Franzen

onsdag 9. mai 2007

Hei du som les bloggen min.

Har høyrt rykter om at eg er ein smule treig med å oppdatere bloggen min (les: Lillian). Grunnen er vel at det skjer så mykje at eg rett og slett ikkje finn tid til å setje meg ned å skrive nye blogginnlegg. OG at eg særs sjeldan tek bilete, og at ein biletelaus blogg eigentleg er litt keisam. Men eg kan jo kome med litt fakta om dagane mine for tida likevel:

  • Russetid er kjekt!
  • Eg har flytta på Vestborg i russetida.
  • Har vore våken i 55 timar, derav ein time gjekk til "Hode, skulder, kne og tå"-synging med fleire dialekter og melodiar.
  • Russeknutar er ein stor del av livet mitt for tida.
  • Lillian er ein søt person, som eg er veldig glad i.
  • Lei av regn, litt sol hadde vore bra.
Skal laste opp nåken kjekke bilete når internetten går litt raskare.
Kos!

Eg og Ingrid (med Elisabeth i bakgrunnen), stikkings ut av bilen på veg til russefestival i Kragerø!Ingrid, meg og Andreas- lekre som berre det, med gulrot i munnen...

Vestborgfolk i Kragerø!