torsdag 16. august 2007

Sommeren er kort...

Sommaren nærmar seg slutten med storskritt, men likevel har det ikkje riktig gått opp for meg at eg skal flytte om knappe tre dagar. På søndag er det opningsfest på GUS, men ferdig med å pakke- nei det er eg langt i frå! Det einaste eg er sikker på, er at eg snart må ta meg ein prat med ho Lillian: For er det nokon som har orden i sakene, og som veit kva eg bør pakke med meg og ikkje, så er det ho ;)

På fredag hadde eg min siste dag på jobb. Eg byrja etterkvart å trives ganske så bra der nede på sjukestova, så det var i grunn litt vemodig å sei farvel. Men legg merke til ordet "litt" :P Dei komande fem dagane, tilbrakte eg i Austefjorden saman med mormor og besten min. Veldig koselig. Tante, onkel og tre syskjenbarn bur på same garden, der syskenbarnet mitt Marte, er ei av mine beste veninner:) Eg fekk sjekka ut den nye hybelen hennar i Volda, og ellers vart eg angrepe av flaggermus eit par gongar, samt drukke kaffe.

Her sit mormor og les avisa ved kjøkkenbordet.

Eg og Marte spelar deilige.

Dessuten har vi fått oss katt heime! Vi kallar han Georg, og er ein skikkeleg kosepus :)

Georg Gråpus

Ellers har eg hatt ein strålande ferie i grunn:) Burda nok ha oppdatert litt oftare, men eg får heller ta det i munnleg versjon dersom nokon sku vær interessert:P

Då gjenstår det vel berre å sei: GUS- here I come!

5 kommentarer:

marie sa...

håper du får et kjempebra år asså!!
=)

Lillian sa...

Ååå.. ej gleda mej! Ja, du ringte, men kor mykje svar fekk du? :P hehe.. Ej e litt blank ej med.. Men vi e veldig klare for GUS ekje vi? :D
Gleda mej t å sitte i bil m dej i MANGE tima :D

Ida Mari sa...

Marie: Tusen takk! Å ej veit du kjem t å få et strålande år ;)

Lillian: Vi e klar som et egg :D Å tru d eller ei, telefonsamtalen hjalp den! Bra vi he en haustferie å ta att d gløymte ;) Ser dej i MÅRGO!!

Anonym sa...

Tusen takk Ida-Mari!

Håpe du også får et fantastisk år! :D

Btw: Vi selg neglefile med elg, på Devold!

Viss du kjem inn neste sommar so ska ej spandere ei på dej :)

Camilla sa...

må kose dej på den nye skulen!:D må komme på besøk på vestborg me!:D