onsdag 11. april 2007

Påan igjen

Yes, då var påskeferien over, og det er tilbake til gamle vaner. Og eg har tenkt- jammen er det ikkje mykje igjen av tida på Vestborg! Og i tillegg til lite tid, har vi SÅ mykje som skal gjerast. Dette tyder berre på at tida kjem til å gå forrykande fort. Nesten litt trist...
Men no skal ein ikkje ta sorgene på forskudd! For ein har jo framleis noko å vere takknemlege for:
  • Reidun har kome tilbake, og for eit gjensyn! Makan til lærar skal ein leite lenge etter.
  • Eg er 19 år i dag!
  • Vi (dvs Therese) har skaffa oss bil til Kragerø!
  • Henrik og dei kjem att frå USA snart!
  • Snøen held på å renne vekk!
  • Snart russetid!
Då kom eg ikkje på meir. Eg og min medredaktør Janne er for tida fullt opptekne med russeavisa (Noko vi for såvidt har vore ganske så lenge no). Må mase i hytt og pine på at folk skal levere det dei skal, og det er jammen ikkje lett! Får berre håpe det ordnar seg til slutt.


Er forresten klar over at dette er eit fælt bilete, det er nemleg stort mellomrom mellom kvar gong eg og Janne tek bilete saman. Dette var i byrjinga av grunnkurs...

Og så til slutt vil eg berre poengtere kor glad eg er i Benedicte! Håper du sjølv og andre rundt deg veit å setje pris på kor fantastisk du er :)

Kjekt å sjå dokke igjen, Vestborgfolk!

Skal prøve å oppdatere i løpet av dagen :)

...

I fritimane mine fekk eg ei aldri så lita bursdagsfeiring i russekiosken! Ingrid, Elisabeth og Therese hadde kjøpt bursdagskake til meg på Baker'n, med 19 lys og greier, eg fekk bilar med Jan Kristian, og kindersjokolade med Bjørnar, og ein aldri så liten bursdagssong frå Trygve. Så hadde vi ei lita koseleg stund før vi gjekk til SK-time me Reidun:) Flott start på dagen!

Ellers har eg hatt ein roleg og avslappa bursdag, heime med mor, tante og veslebror. Kake og lysblåsing stod på programmet, samt mange gratulasjonsmeldingar og telefonar. Nei, det er stas å ha bursdag, sjølv om det er greitt det berre er ein gong for året :)

7 kommentarer:

Lillian sa...

Gratulere med dagen kjære! Du e go! Ej elska dej! <3 ;) hehe.. Reidun i knall, og no e d på igjen m 2 tima SK =D gLer mej ej!

Elise sa...

Gratulere med dagen! :D

Ida Mari sa...

Tusen takk begge to :D

Anonym sa...

Zum Geburtstag viel Glück,
zum Geburtstag viel Glück,
zum Geburtstag liebe Ida Mari Engjaberg Fedje...

zum Geburtstag viel Glück!!!

=)

Ida Mari sa...

Danke schön, herr Ødegård :)

Anonym sa...

Hmm.....

E d berre mej eller he humøret ditt gått opp på dei tre åra?

Ida Mari sa...

Hehe, veeeldi morsomt :P