søndag 15. april 2007

Underleg dag

Dagen i dag har vore så utruleg variert, merkeleg, trist og kjekk på same tid! Eg har flira og grene om ein annan heile dagen, og det saman med Jannemor. At det går i russeavis, er jo ingen løyndom. Heller ikkje er det nokon løyndom at både eg og Janne hallar mot minus-skalaen når det gjeld datakunnskap, og at vi difor kjaure rett ned i sentrum etter lunch i dag, for å få lånt oss "In Design for dummies". Desverre var biblioteket stengt i dag, men vi fekk oss i det minste ein køyretur, der eg fekk testa ut ulike måtar å helse på møtande bilistar og rullestolbrukarar. Og ja, dette var eit av tilfella der lattermusklane vart trimma og tårene trilla.

Legg forresten merke til mitt flotte bokstavrim på slutten der.

Seinare i dag tok frustrasjonen overhand, då vi fann ut at 5 timars arbeid var bortkasta, etter at Joachim informerte oss om at vi hadde redigert avisa i feil format! Både Eyvind og Andreas prøvde seg som reddande englar ei heil stund, men eg og Janne fann til slutt ut at vi vart tvungen til å starte heilt frå skratch igjen. Vi grein ein skvett, før vi byrja på nytt. Kvelden bestod så av avisredigering, umåteleg overtrøyttande humor, samt GODE forslag til russenamn, i alle fall etter mi meining :P Eg har ikkje flira så mykje på evigheiter, samstundes som det har vore ein heilt fortærande dag.

Då gjenstår det vel berre å seie:
- Vi får håp at d blir likar i mårra :)

Ingen kommentarer: