fredag 6. april 2007

Berre nokre tankar

I går såg eg "Kamilla og tyven" for fyrste gong. Eg grein. I dag såg eg "Kamilla og tyven del 2" for fyrste gong. Eg grein endå meir. Eg er verkeleg eit følelsesmenneske som veit å setje pris på god film! ...

Ellers er eg heime åleine denne påska. Eller det vil seie, frå i går av. Resten av familien er i Austefjorden med mormor og best, medan eg må jobbe med russeavisa, i tillegg til at eg skal jobbe på blomsterbutikken på påskeaftan. Men det går eigentleg bra :) Har både fått besøk og våre på besøk, i tillegg til at eg nyt einsam-tilværelsen. I bunn og grunn er det faktisk ganske kos.

Det er påske, det nærmar seg midten av april, og ute snør det som kriminellt. Skådar eg ei kvit russetid i det fjerne? Ein skummel tanke.

Ein ting eg likar, er reklamene på fjernsynet i høgtidene. Reklame om ulike positive interesseorganisasjonar, som ein så lett gløymer i den vanlege kvardagen. Shampoo-reklamer og andre rynkekremar har lett for å få fokuset våra, om vi så vil det eller ei, medan ein i høgtida derimot blir minna på det som faktisk betyr noko.

Fortsatt god påske alle saman :)

8 kommentarer:

Lillian sa...

Eg elskar Kamilla og tyven!! :) Åååå!! Ej grein også!

Brynhild Marita sa...

hekje du sett dei filmane før no??? Jaja.. bra du såg dei da iallefall, dei e iallefall en del av barndommen min!! Men elles: GO PÅSKE!!

Ida Mari sa...

He faktisk ikkje d! He alltid hatt lyst å sjå dei, men he liksom aldri vårte... God påske du me :D

Anonym sa...

Haha...ej he heller ikkje sett dei men he til all overraskelse levd et bra liv til no...

Mr.Bean-filmen i kveld vakje so verst derimot! Der fekk eg djup medkjensle med Bean, og det e vel det næraste ej he vør ta å grine av en film på lenge....

God skulestart! ;)

Ida Mari sa...

Hehe, den såg ej me, sjøl om ej t vanli ikkje e so stor fan av Mr. Bean-humoren... Men dinne va faktisk ikkje so værst!

Anonym sa...

Mhm....

Spesielt slutten ta filmen va bra :)

Lina sa...

Du e så søt Ida Mari!!! Ej me grein både første, andre og tredje gong ej såg Kamilla og tyven.. (kjekt å grine til sånne skjønne filma!)
glai dej!

Karina sa...

ja, Kamilla og tyven er kjempesøtt og ganske trist. Ikke så lenge siden jeg så dem heller. Bra du vet å sette pris på gode filmer ja;) Klem