søndag 1. april 2007

Aprilsnar!

Vel, teknisk sett er dagen snart over, og for å vere ærleg så har eg ikkje merka så mykje av aprilsnardagen i år. Men litt kos har det likevel våre. Har hatt mormor å best på besøk, og klokka 19:00 sat vi som klistra framfor fjernsynet ilag, for å sjå søndagsrevyen. Måtte jo få med oss kva lurerier dei hadde å kome med på nyheitene i år óg :P Hehe, besteforeldre er gromme greier det :) Årets spøk var forresten sjitlett å tippe. "E-post avgift?" Yeah right...

Og så tenkte eg eg måtte gjere litt stas på lisjebroren også: Knut-Sigmund vart nemleg 8 år i dag!
Gratulerer so mykje, sjølv om du mest truleg ikkje les dette... Får vel ta å vise det deg tenkjer eg;) Stor klem frå systå!

For snaue halvminuttet sidan vart eg forresten aprilsnarra av han Lars-Petter. Han sa han skulle hoppe i fallskjerm i sommar, å eg gjekk rett på. Makan altså:P

Ellers vil eg berre få ynskje kjende og kjære ei vidare god påske!

1 kommentar:

Anonym sa...

Skrytepost
-----------

Hehe....

Ej kan trøste dej med at det ikkje e du som e dum, men at de e ej so e go...

Hekje tall på kor mange ej he lurt ditte døgnet på msn!!

Til Janki sa ej f.eks at ej møtte Arne Scheie på Moa...

E du go, so e du go....

PS: Ej blei ikkje lurt av nokken