tysdag 27. mars 2007

Snart påske!

Vel, no sit eg her med hovudet longt under vatn med lekser (les: stygge historieinnlevering), og likevel snik eg meg til å skrive ein blog. Kvifor? Jo, no skal du høyre her: Her heime har vi ein liten veranda. Om dagen skin sola, det varmar, og eg lar verandadøra vere opa slik at varmen får krype inn i stova medan eg skriv historie. Men når kvelden kjem, og sola har forsvunne bak fjella, jau då ha det vore greitt å kunne late att verandadøra igjen. Men neida! Den har søren meg blitt øydelagt av ein eller annan patetisk grunn!! Eg får ho ikkje att, og eg som er åleine heime i dag og all ting... Så no må eg fint sitte her i stova å fryse, medan eg grin over historieinnleveringa mi. Ok, kanksje er det med verandadøra ikkje noko å bli så oppglødd over, men DU kor irriterande det er!

Men trass all elendigheita, kan eg i alle fall trøste meg med at det, som dagens overskrift lyder, snart er påske! Sjølv om det blir både blomsterbutikkjobbing og leksegjering, er det likevel noko å sjå fram til :) Eg får treffe igjen Martha Berit, eg får påskeegg og eg kan få nokon andre til å irritere seg over den klikkings verandadøra...

Men ta det med ro folkens, eg er ikkje så frustrert som eg skal ha det til.
(Eg lyg, eg er faktisk det...)
Men uansett, i morgon kan eg fryde meg over at min aller siste hovudmåltentamen er over, og mest truleg smiler sola då óg :D

7 kommentarer:

Elise sa...

Lykke til imorga!
Kan tenke me det er kjipt med historieinnlevering... :P

Brynhild Marita sa...

ja, d e rettnok siste hovudmålsTENTAMEN.. Men snart SKAL vi ha hovudmålsEKSAMEN! å då ekje d mona so ska rette!!

Anonym sa...

Neida, men d ordna sej, d gjer d alltid :)
No e mesteparten av innleverinane unnagjort.. berre tentamen å historieprøve å sånn igjen.. Ekje gale.. så kjem eksamen, men den tid, den sorg ;) No e det påske :D

Ida Mari sa...

Takktakk Elise :) D gikk forresten ræv.. :P Men i dag e d fint vær å alle e gla trallalala!

Martha Berit sa...

Åh, e e klar for påaske!!! I dag he e levert inn to norskstila og ei historieoppgåve, så e e klar for ferie! Sitte ute å nyte sola i fritimane mine no! Herlig, altså! E lika utropstegn, sånn at de e sagt!

Anonym sa...

ma sjekke:)

Anonym sa...

Ja, sannsynligvis sa det er