søndag 30. september 2007

Fengselsbesøk

I dag har teamet mitt vore å delteke på gudstjeneste i Hamar kretsfengsel! Det var utruleg spanande, givande og lærerikt. Vi song to songar, fortalde kort om Gå Ut Senteret, og om oppgåvene våra i Ecuador. Siri fortalde også om kvifor ho valde å byrje på GUS.

Det var ei spesiell kjensle å sitje der under gudstjenesta, saman med ei forsamling av "kriminelle". Dei fleste var omlag på vår alder, eller midten av 20, byrjinga av 30 åra, og i bunn og grunn veldig kjekke folk å prate med. Det heile ga berre meining når presten i preika si tok opp det at Jesus åt saman med syndarar og tollarar, og at han ikkje elskar dei feilfrie- for slike folk finst ikkje. Det viktigaste er ikkje å prøve å leve eit mest mogleg perfekt liv, men å elske nesten din som deg sjølv. For då vil resten kome av seg sjølv, og du vil byrje å kjenne inni deg kva som er rett og gale, godt og vondt. Han brukte døme som "Å sei noko venleg til den som sit i nabocella di", med andre ord- han la opp preika si veldig etter målgruppa. Det var rett og slett ei veldig givande oppleving å sitje der! Og så var det så godt å sjå at så og seie alle gjekk til nattverd, og at vi saman kunne ta del i syndenes forlating- uansett bakgrunn.

Etter gudstjenesta tok vi oss tid til å prate med folket, medan vi åt frukost ilag. Frukostbordet var biljard- og bordtennisbord dekka av ein kvit papirduk- passe stilig ;) Når gutane vart låste inn på cellene sine igjen, fekk vi ei lita omvisningsrunde i fengselet, der vi kunne spørje om kva det måtte vere. Og det var ikkje reint lite vi hadde å spørje om akkurat... Eg kjenner eg har lært så utruleg mykje i dag, hovudet mitt er heilt stappa for nye intrykk! Men eg må seie eg ser fram til neste besøk, for ja- team Ecuador vil nok kome tilbake på besøk til våren også :)

12 kommentarer:

Karina sa...

Så spennende da! Virker som at du trives godt der, og det er jeg glad for! c",) Hilsen fra meg som er glad i deg:)

Anonym sa...

Ej trivs veldi godt ja!
Du e so søt, Karina :)
Vi sjåast nok snart skal du sjå ;)

Anonym sa...

stilig. det hadde vært gøy å oppleve noe sånt.

Dåte Mali sa...

Heyy... jeg bare kopierte noen av bildene dine jeg.. håper det går bra;)
Du må ha det kjeme fint hjemme!
sees til søndag!!

ejhekjebloggsåejberrefinnpånåkkeforåkunnekommenterepåandresinblogg@ingvildheiteejbtw.com sa...

hei kjære!
no hekje ej lest nåkke av ditta innlegge her, men legg berre igjen kommentar, så finn du sida mi=)
klæm <3

Ida Mari sa...

Ingen problem, ekje ej so he tatt alle bilda uansett ;)

Va so kjekt å vær lame dej disse dagane Ingvild! Blir konge å kjøre nedover t Hurdal lame dej :D

Amalie sa...

Gud er bare så fantastisk: alle de menneskene som får høre hans Ord så direkte og så bra! Virkelig bra at fengselsprester finnes!!

Finni sa...

Tause jenta du:| Ingen inntrykk å dela med verden? For meg e det bare sykt kjekt å få inntrykk fra heile reisefølget te Siri, men du mangle der. Maria e vel ikkje blogger, så hu mangle eg jo åg..
Men eg håpe, og eg tror du trives der nere??.. Dåkke e jaffal en goe gjeng syns eg.

Ida Mari sa...

Takk skal du ha, Finni :)
Joda, ej trivs vel for d meste. Trur kansje me alle he litt vanskeliheite me aa svelge alt, maange intrykk aa ta innover sej paa en gong.
Ej he visst ikkje vaare so flinke t aa oppdatere nei, skal proeve aa sjerpe mej :)

SHISH sa...

hello....

nice profile...

keep it up

:)

Anonym sa...

[url=http://kfarbair.com][img]http://www.kfarbair.com/_images/logo.png[/img][/url]

בית מלון [url=http://www.kfarbair.com]כפר בעיר[/url] - אווירה כפרית, [url=http://www.kfarbair.com/about.html]חדרים[/url] מרווחים, שירות חדרים, אינטימיות, שלווה, [url=http://kfarbair.com/services.html]שקט[/url] . אנחנו מציעים שירותי אירוח מיוחדים כמו כן יש במקום שירות חדרים הכולל [url=http://www.kfarbair.com/eng/index.html]סעודות רומנטיות[/url] במחירים מיוחדים אשר יוגשו ישירות לחדרכם...

לפרטים נוספים נא לפנות לאתרנו - [url=http://kfarbair.com]כפר בעיר[/url] [url=http://www.kfarbair.com/contact.html][img]http://www.kfarbair.com/_images/apixel.gif[/img][/url]

Anonym sa...

top [url=http://www.c-online-casino.co.uk/]uk casino bonus[/url] brake the latest [url=http://www.realcazinoz.com/]casino[/url] free no set aside perk at the leading [url=http://www.baywatchcasino.com/]no deposit gratuity
[/url].