tysdag 26. juni 2007

Sumar


Jau, då var det sommarferie. Eller; sommarmånadar med jobbing er vel litt meir korrekt. Og tida har jammen floge! Burde kanskje vere litt flinkare til å oppdatere blogger min, men ting som skjer i livet mitt blir som regel oppdatert av andre bloggarar (les: Lina, Brynhild og Lillian spesielt) før eg i det heile tatt rekk å tenke tanken på å skrive eit nytt innlegg. Men eg kan jo kome med ei aldri så lita oppsummering likevel:

  • Eksamenstid: To norskeksamenar. Tida har gått, og eg har fått resultata. Dei viste at det nok kanskje hadde løna seg å opna norskboka før hovedmålseksamenen likevel... Eg kom opp i matte skriftleg, og eg grein. Sjølv om det gjekk relativt greit, etter forholda vel og merke.
  • Avslutningsfesten, samt dagane derpå: Okej, eg grein kanskje liiitt der også. Ein etter ein reiste mine kjære, og svampen Ida Mari var nok ikkje så god å ha med å gjere. Vi samla inn over 300000 til misjonsprosjektet- applaus!
  • Munnleg eksamen: Eg kom opp i engelsk. Eg grein, men denne gongen av glede.
  • "Ferie": Har hittil jobba eit har timar for dag på blomsterbutikken, før eg i forige veke takka for meg. Frå no av blir det sommarvikar på sjukestova. Hadde første dagen min med opplæring i dag. Kjenslene er blanda, ettersom eg håper det blir likar i mårra.
I år blir det med andre ord lite til ferie på meg, men på den andre sida blir eg nok rik på nye erfaringar. Og pengar treng ein, det er i allefall heilt sikkert.

God sommar alle saman! Håper eg treff på nokre av dokke i løpet av sommaren :)

5 kommentarer:

Lillian sa...

1) Det gjekk jo dritbra med dej på eksamen da;)
2) Vi samla inn over 330.000!
3) Det ordna sej med sjukestova! Ej he trua på dej!
4) Vi SKAL treffast i ferien OG ettepå!
He snakka med ei jente som skal til gus og til Ecuador! Skikkelig koselig e ho! :)
Åsså en siste ting, no kan ej ikkje oppdatere live ditt før i august og evt. då vi møtes i sommer;) Så no rekna ej med du oppdatera litt!

Camilla sa...

heija ida mari:)
må ha en go ferie:) må kome å besøke oss på vestborg asso! du ska te neste år da?
miss u

Ida Mari sa...

Lillian: Skal prøve å oppdatere litt oftare, men ikkje ha for store forhåpninga:P
Camilla: Neste år blir det Gå Ut Senteret å Ecuador, ilag me ne Maria: ) Rundt 6 stk frå Vestborg som skal på GUS- KONGE!

Camilla sa...

ja dt e konge:) hørest kosli ut iallefall:)

palmakristin sa...

alt i alt hørtest no ditta her bra ut de :) blir nok bra på sjukestova! første dagen min på sjukeheimen va ej ganske so nervøse, men de blei bedre etter kvart =)