torsdag 15. mars 2007

Og der hadde eg den...

No vart eg visst tatt av ho Brynhild i ein etter annan form for "sisten-leik". Litt urettferdig i grunn, med tanke på den ferske bloggaren eg faktisk er, men la gå ;)

Reglar: Kvar spelar startar med å skrive seks rare ting om seg sjølv. Bloggarane som blir "tekne", må skrive seks rare ting om seg sjølv i sin eigen blog, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den", og listar opp namna deira. Etter at det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggen til kvar av dei, for å la dei vite at dei er blitt "tekne", og at dei må lese bloggen til den som tok dei for meir informasjon.

1. Eg er rar.
2. Eg sølar umåteleg store mengder med maskara rundt augene mine når eg sminkar meg.
3. Ein gong eg skulle rydde rommet mitt, fann eg heile seks negleklipparar slengande rundt omkring. Og ja, det var negleklipparar, og ikkje neglefiler...
4. Eg har stått barbeint i ei feit kurue medan eg song og klappa, utan den vissheita om at eg stod i ei kurue.
5. Eg har kræsja i ein lyktestolpe.
6. Eg brukte å høyre på Sputnik kvar kveld for å få meg til å sovne.

Desse er tekne: Håkon Martha Berit Jan-Andrè Ingrid Johan og Lillian

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ej he aldri krasja ej lille venn ;P hehe.. men ej frykta d kan skje i dag, aldri kjørt rundt på moa før.. =]
Ps. Sputnik e gange kul musikk!

Ida Mari sa...

Hehe, går nok flott å kjøre på moa skal du sjå;)Å la mej berre bemerke: ej kræsja FØR ej fikk lappen! :P