laurdag 1. mars 2008

Det naermar seg slutten

Daa er eg inne i siste helga her i Ecuador, og befinn meg i skrivande stund i Baños. Tenkte vi maatte proeve aa faa tatt igjen det tapte, med tanke paa at det var halvvegs vulkanutbrot sist gong me var her, og difor ikkje fekk moglegheita til aa vere her noka lengd. Difor staar ein 4-timars ridetur og paragliding paa morgondagens program. Kryssar fingrane for at det let seg gjere denne gongen.

Ellers var det siste arbeidsdag paa klinikken i dag. Og eg kjenner eg i grunn kunna tenkt meg aa vore litt lenger. Trivs heilt utruleg bra- saa fantastiske kollegaer som eg kjem til aa sende baade tankar og boener til i lang tid framover. Folkeslaget her borte har laert meg saa utruleg mykje, og eg er ganske sikker paa at eg kjem til aa faa meg ein aldri saa liten stoekk naar eg kjem heim att. Den gjestfridomen og hjartevarmen som folk viser, er berre saa utruleg beundringsverdig- ja, eg blir reint emotional her eg sit berre ved tanken. Sjoel dei fattigaste av dei fattige familiane i slumomraada i kystbyen Guayaquil gir av det vesle dei har, til bortskjemde nordmenn som dei aldi har truffe foer. Ei vatnflaske har aldri betydd saa mykje, spesielt ikkje naar ein veit at verdien av den flaska tilsvarar omlag ei maanadsloen for den som gir henne vekk. Det er sterkt det.

Eg har i alle fall blanda kjensler naar det gjeld heimreisa. Paa eine sida skal det bli godt aa treffe alle mine kjaere igjen, men paa den andre sida kunna eg tenkt meg aa vore her saa mykje lenger- saman med mine nye kjaere. Men ein ting er sikkert: Eg skal tilbake.

Bilde: Eit vanleg syn naar ein gaar gatelongs i Ecuador.

Daa sjaast me snart :)

2 kommentarer:

Sniff Sniff sa...

Det er noe sørgelig og vondt
som jeg har sett under solen:
Selv om rikdom er vel forvart,
kan den bli til ulykke for eieren.

Om rikdommen går tapt ved et uhell,
og den rike har fått en sønn,
blir det ingen ting igjen til ham.

Slik som han kom fra mors liv,
like naken som han kom,
skal han gå bort igjen.

Han har ingen ting igjen for sitt strev,
ingen ting som han kan ta med seg.

Også dette er sørgelig og vondt:
Nøyaktig som han kom, må han gå herfra.
Hva har han da igjen
for sitt strev og sitt jag etter vind?
-------------

God tur heim! :)

Ida Mari sa...

Tusen takk, ijenn :)