Jau, då var det sommarferie. Eller; sommarmånadar med jobbing er vel litt meir korrekt. Og tida har jammen floge! Burde kanskje vere litt flinkare til å oppdatere blogger min, men ting som skjer i livet mitt blir som regel oppdatert av andre bloggarar (les: Lina, Brynhild og Lillian spesielt) før eg i det heile tatt rekk å tenke tanken på å skrive eit nytt innlegg. Men eg kan jo kome med ei aldri så lita oppsummering likevel:
- Eksamenstid: To norskeksamenar. Tida har gått, og eg har fått resultata. Dei viste at det nok kanskje hadde løna seg å opna norskboka før hovedmålseksamenen likevel... Eg kom opp i matte skriftleg, og eg grein. Sjølv om det gjekk relativt greit, etter forholda vel og merke.
- Avslutningsfesten, samt dagane derpå: Okej, eg grein kanskje liiitt der også. Ein etter ein reiste mine kjære, og svampen Ida Mari var nok ikkje så god å ha med å gjere. Vi samla inn over 300000 til misjonsprosjektet- applaus!
- Munnleg eksamen: Eg kom opp i engelsk. Eg grein, men denne gongen av glede.
- "Ferie": Har hittil jobba eit har timar for dag på blomsterbutikken, før eg i forige veke takka for meg. Frå no av blir det sommarvikar på sjukestova. Hadde første dagen min med opplæring i dag. Kjenslene er blanda, ettersom eg håper det blir likar i mårra.
God sommar alle saman! Håper eg treff på nokre av dokke i løpet av sommaren :)