Sat og leste på veners bloggar, då det plutseleg gjekk opp for meg at eg faktisk er innehavar av ein blogg sjølv og! Og skulle du ha sett: på dagen i dag er det heile 368 dagar sidan sist eg oppdaterte han. Sånn cirka. Så då er det truleg ikkje så vanskeleg å skjøna at det skal litt til å få oppsummert desse dagane på eit lite innlegg. Av den grunn gjer eg det enkelt: eg lastar opp nåkre illustrerande bilete, set ein strek og byrjar på nytt.
...der var bileta. Her kjem streken: -
Då vil eg få ynskje alle og einkvar ei riktig god og velsigna julefeiring! Og kven veit: kanskje dukkar det opp meir lesestoff på denne sida etterkvart?