søndag 30. september 2007

Fengselsbesøk

I dag har teamet mitt vore å delteke på gudstjeneste i Hamar kretsfengsel! Det var utruleg spanande, givande og lærerikt. Vi song to songar, fortalde kort om Gå Ut Senteret, og om oppgåvene våra i Ecuador. Siri fortalde også om kvifor ho valde å byrje på GUS.

Det var ei spesiell kjensle å sitje der under gudstjenesta, saman med ei forsamling av "kriminelle". Dei fleste var omlag på vår alder, eller midten av 20, byrjinga av 30 åra, og i bunn og grunn veldig kjekke folk å prate med. Det heile ga berre meining når presten i preika si tok opp det at Jesus åt saman med syndarar og tollarar, og at han ikkje elskar dei feilfrie- for slike folk finst ikkje. Det viktigaste er ikkje å prøve å leve eit mest mogleg perfekt liv, men å elske nesten din som deg sjølv. For då vil resten kome av seg sjølv, og du vil byrje å kjenne inni deg kva som er rett og gale, godt og vondt. Han brukte døme som "Å sei noko venleg til den som sit i nabocella di", med andre ord- han la opp preika si veldig etter målgruppa. Det var rett og slett ei veldig givande oppleving å sitje der! Og så var det så godt å sjå at så og seie alle gjekk til nattverd, og at vi saman kunne ta del i syndenes forlating- uansett bakgrunn.

Etter gudstjenesta tok vi oss tid til å prate med folket, medan vi åt frukost ilag. Frukostbordet var biljard- og bordtennisbord dekka av ein kvit papirduk- passe stilig ;) Når gutane vart låste inn på cellene sine igjen, fekk vi ei lita omvisningsrunde i fengselet, der vi kunne spørje om kva det måtte vere. Og det var ikkje reint lite vi hadde å spørje om akkurat... Eg kjenner eg har lært så utruleg mykje i dag, hovudet mitt er heilt stappa for nye intrykk! Men eg må seie eg ser fram til neste besøk, for ja- team Ecuador vil nok kome tilbake på besøk til våren også :)

fredag 28. september 2007

Team Ecuador



Cathrine Langseth, Maria Gjengedal, Åse Mari Hagen, Siri Grønnevik Gloppen, Ida Mari Engjaberg Fedje og Hanna Nordbø


søndag 23. september 2007

Eit lite knippe GUS

... i tilfeldig rekkefølge.

Ut i Guds frie natur
Ja, larva er ekte

Her handla vi litt for mykje
Smiiil!
Mat må ein ha

Harrytur til Sverige

Munnspel og stearinlys under open stjernehimmel
Hillsong United konsert i Oslo Spektrum

Oslo Spektrum
Saman med Rebekka på toppen av Olso Spektrum

Mariann, meg og Maria
Maria og Maria
Maria og meg i dei seine nattetimar
Velkommen til dekka bord
Maria og Gry
Meg og Gry

Sandwich-leiken

Namnam
På Cafè i Eidsvoll
Vakre Cathrine
Vakre Ida Mari

Ut på tur, aldri sur
Kjekke folk :)
Jan og Geir tek kveldsstellet
Åse Mari og Maria "Kan noko ingen andre kan"
Kvinneforeining
Martha Berit og Lina påEgons
På Egons i Oslo
Åsanden
God stemning på Åsanden
Looser
På veg ned frå Brenntoppen
På Brenntoppen
Vår første handletur på Coop'en
Husa vi bur i :)
Takk til alle som har bidratt med å ta desse bileta.

fredag 21. september 2007

. . .

SNART kjem det eit blogginnlegg me bileter.
Så longt det let seg gjera, så skal det bli.
Eg lovar.

onsdag 12. september 2007

Travle dagar

Sjølv om eg no går på bibelskule, og dette i grunn skal vere mitt friår, har det jammen ikkje vorte mange stille stunder. Her skjer det nemleg ting meir eller mindre heile tida! Og eg kan ikkje alltid setje ord på kva som skjer heller, berre vips! so er dagen gått. Men det er vel eit godt teikn.
Dagen i dag har i grove trekk sett slik ut:
  • Frukost
  • Morgonsamling
  • Undervisning med Goldsmith (lovely!)
  • Lunsh
  • Meir Goldsmithundervisning
  • Middag
  • Klede inni vaskemaskina
  • Home and Away
  • Sjokoladekakebaking
  • Spansk
  • Korøving
  • Kveldsmat saman med Goldsmith
  • Kake i sofakroken
  • Lovsongteamsøving
  • Idol
  • Sjekking av mail

No kom eg på at det er ei goood stund sidan eg sat på den maskina med klede, og eg byrjar å frykte at dei no ligg å myglar ein eller annan plass...

No vil eg lære Hanna å lage blogg.